Immaterielle verdiar og rettar – definisjonar

Immaterielle verdiar er ei samlenemning for verdiar som ikkje har fysisk substans. Dette kan vere oppfinningar, varemerke, design, produksjonsprosessar, framgangsmåtar, databasar, ulike typar åndsverk, knowhow og bedriftsløyndommar.

Immaterielle rettar er immaterielle verdiar som er verna av lovheimla rettar. Samlenemninga omfattar industrielle rettar og opphavsrett.

Industrielle rettar omfattar i hovudsak patent, design og registrerte eller innarbeidde varemerke. Dei oppstår i all hovudsak ved at dei blir registrerte etter søknadsbehandling.

Dette er dei vanlegaste immaterielle rettane:

Patent vernar nye oppfinningar som representerer konkrete løysingar på eit teknisk problem, og der også løysinga er av teknisk karakter. Eineretten gjeld for inntil 20 år. For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan vernetida utvidast til inntil 25 år.

Varemerke vernar kjenneteikn for varer og tenester. Eit varemerke kan bestå av alle slags teikn, og må kunne givast att grafisk. Eit varemerke kan til dømes bestå av ord og kombinasjonar av ord, namn, logoar, figurar og avbildingar, bokstavar, tal, emballasje, lyd og rørsle eller kombinasjonar av desse elementa. Eit varemerke skal ikkje kunne forvekslast med varemerke for same eller liknande produkt og tenester. Varemerkevern blir gitt for tiårsperiodar, og det er ikkje sett noka grense for kor mange gonger det kan fornyast.

Designrettar vernar den synlege utforminga av eit produkt i inntil 25 år. I tillegg til vern av heile gjenstandar og ornament kan delar av eit produkt, grafisk design, interiørmessige arrangement og skjermbilete vernast. Reservedelar kan berre vernast i fem år.

Opphavsrett gir skaparen av eit åndsverk einerett til å utnytte litterære, vitskaplege eller kunstnariske verk. Også framføringar av verk er verna. Databasevern blir rekna som ein del av opphavsretten, og vernar investeringa som er lagd i å byggje opp databasen. Opphavsrett oppstår automatisk, utan registrering, i den augneblinken eit verk er skapt. Verket må vere eit resultat av ein individuell skapande innsats. Vernet er knytt til opphavspersonen og varer som hovudregel i 70 år etter at opphavspersonen er død.