Om oss

Ved Vestlandsforsking er eit fleirtal av dei tilsette organiserte gjennom Forskarforbundet.

Vestlandsforsking utfører forsking på tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskinga er tverrfagleg, og dei fleste oppdraga kjem frå det offentlege, men òg næringslivet. Instituttet har eksistert sidan 1985 og ligg i Sogndal.

Talet på tilsette, inkludert både fagtilsette og administrasjon, ligg på 25-30. Tre firedelar av forskarane er medlemmer av Forskarforbundet. Instituttet har òg tilsette som er medlemmer i andre fagforeiningar. Lokallaget ved Vestlandsforsking har eit styre på 4, pluss ein vara.

Den tillitsvalde ved Vestlandsforsking er òg leiar i Forskarforbundet ved Vestlandsforsking. Dei tilsette ved Vestlandsforsking (allmøte) vel ein representant i instituttet sitt styre, som til saman har 7 medlemmer.