Lokallagsstyret Styret i Forskarforbundet ved Vestlandsforsking har fire medlemmer og ein vara. Les meir om oss nedanfor! Eivind Brendehaug er leiar i lokallaget og tillitsvald. Fagleg sett høyrer han til i skjeringspunktet mellom reiseliv og miljø. Han har arbeidd ved Vestlandsforsking i 20 år. Svein Ølnes er nestleiar i lokallaget og tilsettrepresentant i styret. Han har over 20 års erfaring som forskar på området IT i offentleg sektor. Idun A. Husabø er skrivar i styret for Forskerforbundet ved Vestlandsforsking. Ho forskar på lokal tilpassing til klimaendringar, men arbeider òg med populærvitskapleg formidling av forsking. Agnes B. Engeset er styremedlem. Agnes er stipendiat innan rural turisme og ser på korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet. Karen R. Moberg er vara til styret. Ho forskar på klimapolitikk og berekraftig utvikling og er stipendiat frå 2018 av. Del denne siden: Tweet