Ved Vestlandsforsking er eit fleirtal av dei tilsette organiserte gjennom Forskarforbundet.
Vestlandsforsking utfører forsking på tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskinga er tverrfagleg, og dei fleste oppdraga kjem frå det offentlege, men òg næringslivet. Instituttet har eksistert sidan 1985 og ligg i Sogndal.
Talet på tilsette, inkludert både fagtilsette og administrasjon, ligg på 25-30. Tre firedelar av forskarane er medlemmer av Forskarforbundet. Instituttet har òg tilsette som er medlemmer i andre fagforeiningar. Lokallaget ved Vestlandsforsking har eit styre på 4, pluss ein vara.
Den tillitsvalde ved Vestlandsforsking er òg leiar i Forskarforbundet ved Vestlandsforsking. Dei tilsette ved Vestlandsforsking (allmøte) vel ein representant i instituttet sitt styre, som til saman har 7 medlemmer.
Slik tek du kontakt med oss:
Eivind Brendehaug (leiar og tillitsvald):
+47 951 91 752, 
Svein Ølnes (nestleiar og tilsettrepresentant i styret for Vestlandsforsking):
+47 917 39 918, 