Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

INFO IN ENGLISH? Find essential articles and documents in our  English section

/

English

Vedtekter

Gjeldande vedtekter for Forskerforbundet ved Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

 

Vedtekter for Forskerforbundet ved Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

1.     Lokallaget

Lokallaget representerer Forskerforbundet ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, og består av alle Forskerforbundet sine medlemmer i fylkeskommunen. Lokallaget har mynde til å opptre på Forskerforbundet sine vegner etter lov- og avtaleverket til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Lokallaget skal ivareta medlemmene sine interesser på institusjonen og bistå medlemmene etter lov om avtaleverket (jf. Vedtektene § 1-Føremål).

2.   Årsmøtet

Årsmøtet er lokallaget sitt øvste organ. Årsmøtet vert kalla inn av lokallagsstyret som også sender ut dagsorden/sakspapir minst to veker før møtet. Saker som skal handsamast av årsmøtet, må vere sendt til styret seinast ei veke før møtet. Ekstraordinært årsmøte vert halde når lokallagsstyret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemmane ynskjer det.

Årsmøtet skal:

  1. velje leiar/hovudtillitsvald , tre styremedlemmar og valnemnd.
  2. handsame rekneskap, budsjett, årsmelding, eventuelt arbeidsprogram og vedtektsendringar.
  3. handsame eller uttale seg i saker som vert lagt fram for årsmøtet av lokallagsstyret eller av medlemmene.
  4. godkjenne valprosedyrar (urneval, val blant dei frammøtte osb).

 

Styremedlemmer vert vald for 2 år, men med overlapping av medlemmar. Det vert halde val kvart år: annakvart år er det val på leiar og eitt styremedlem, annakvart år er det val på nestleiar og eit styremedlem.

Årsmøtet vert halde innan 1.april kvart år. Nytt styre fungerer etter at Årsmøtet er heva.

3.   Lokallagsstyret

Lokallagsstyret er sett saman av leiar/hovudtillitsvald, nestleiar, kasserar og sekretær. Leiaren vert valt særskilt av Årsmøtet. Leiaren er Forskerforbundet sin øvste tillitsvalde på institusjonen og representerer Forskerforbundet etter avtaleverket, med mindre årsmøtet vedtek ei anna arbeidsdeling eller vedtek andre fullmakter ( jf. Hovudavtalen i Staten og Hovudtariffavtalen). Leiar får eit honorar på kr. 4000 kvart år.

Lokallagstyret vert sett saman slik at det tek omsyn til representasjon frå ulike arbeidsstader i fylket. Lokallagsstyret si samansetjing skal også ta omsyn til representasjon frå ulike stillingsgrupper og begge kjønn. Lokallagstyret konstituerer seg sjølv etter Årsmøtet.

Lokallagstyret skal:

  1. stå for den daglege drifta av lokallaget
  2. kalle saman til lokallagsmøte og årsmøte
  3. utarbeide forslag til rekneskap, budsjett, årsmelding, eventuelt arbeidsprogram og vedtektsendringar, samt fremje kandidatar til valnemnda for årsmøtet
  4. rekruttere nye medlemmer
  5. oppnemne representantar til verv, utval og råd i fylkeskommunen

Lokallagsstyret kan fatte vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er tilstade. Ved likt tal stemmer har leiaren dobbeltstemme.

4.   Funksjonsdeling i styret

    Leiar/hovudtillitsvald skal:

  1. ivareta det heilskaplege ansvaret for verksemda i laget
  2. leie laget sitt arbeid med lønsspørsmål og lønsforhandlingar
  3. kalle inn til styremøte og medlemsmøte og førebu desse
  4. fordele arbeidsoppgåver til dei andre medlemmene i styret i den grad arbeidsfordelinga ikkje er definert gjennom dette dokumentet
  5. leie møte i laget dersom ikkje anna vert bestemt
  6. Nestleiar:

  7. får tildelt oppgåver etter nærare avtale
  8. fungerer i leiar sin stad ved behov
  9. Sekretæren skal:

  10. skrive referat frå møta i laget
  11. vere ansvarleg for laget sin eksterne korrespondanse
  12. får tildelt oppgåver etter nærare avtale
  13. Kasseraren skal:

  14. føre laget sitt rekneskap
  15. syte for inn- og utbetalingar
  16. registrere påmeldingar til arrangementa til laget
  17. får tildelt oppgåver etter nærare avtale

5.    Økonomi

Lokallaget kan søkje Forskerforbundet om midlar. Lokallaget kan ikkje pådra Forskerforbundet økonomiske forpliktingar utover det som er stilt til disposisjon av representantskap/hovudstyre.

6.   Saksgang

Alle hendvendingar til sentrale myndigheiter og sentrale tenesteorganisasjonar skal gå gjennom Forskerforbundet sentralt som avgjer om saka skal fremjast. Forskerforbundet sentralt vert varsla om samansettinga av lokallagstyret og skal også få tilsendt rekneskap, årsmelding og eventuelt arbeidsprogram.           

7.    Vedtektsendringar

Forslag om endring av vedtekter må sendast inn skriftleg til styret seinast tre veker før Årsmøtet. Endringar av vedtektene kan berre gjerast av årsmøte der 50 % av medlemmane er til stades og med 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmer på årsmøtet. Vedtektene for lokallaget skal godkjennast av Forskerforbundet sitt hovudstyre.

  • Del denne siden: