I Aftenposten 30. juli kommenterer statsrådane Tora Aasland og Bård Vegard Solhjell kronikken vår «Krafttak for kunnskap». Ein skulle vel tru at leiinga i Kunnskapsdepartementet ville vere dei som ivra mest for eit slikt krafttak.
Vi har ikkje, slik statsrådane hevdar, påstått at det er ei kunnskapskrise her til lands. Vi tok derimot til orde for eit krafttak med vilje og evne til å prioritere kunnskap, og slik skape ein forsterka kultur for kunnskap i heile samfunnet. Vi står fast på at det må satsast endå tyngre på kunnskap for å møte store oppgåver i vår tid.
Vi har ved fleire høve både rosa og støtta statsrådane. Men denne gongen framheva vi også manglar ved det kunnskapspolitiske løftet: Tilsette ved universiteta og høgskulane har for lite tid til å forske, fråfallet er høgt særleg i vidaregåande
opplæring, men også i høgre utdanning og at det har blitt fleire elevar pr. lærar i skuleverket.
Vi utfordra dei politiske partia til å styrke kunnskapssamfunnet. Vi tek hermed oppatt den utfordringa. Valkampen er viktig, praktisk politikk endå viktigare.
Helga Hjetland
leiar, Utdanningsforbundet
Bjarne Hodne
leiar, Forskerforbundet
Anders Folkestad
leiar, Unio