UTDANNINGSPOLITIKK. Er det mangel på ein norsk kultur for kunnskap som gjer det politisk mogleg stadig å utsetje eit nødvendig krafttak for kunnskap?
Satsing på kunnskap. Ei massiv satsing på utdanning og forsking er ein absolutt føresetnad for å skape eit godt velferdssamfunn og ei berekraftig næringsutvikling. Fleire av vår tids store utfordringar, som miljø- og klimakrisa og finanskrisa, krev at det blir tatt nasjonale grep for å utvikle ny kunnskap og kompetanse. Dette vil kunne dempe negative krisekonsekvensar, og framtidsretta verkemiddel og løysingar kan utviklast.
Kunnskapskjeda. Det formelle utdanningssystemet frå barnehage til universitet er sjølve «Kunnskapskjeda». Alle som bur her til lands har vore, er eller vil vere påverka av, og lære i dette systemet. Meir enn ein million elevar og studentar og om lag 90 000 lærarar i barnehagar, grunnskule, vidaregåande opplæring og i høgre utdanning er dagleg aktørar i Kunnskapskjeda. Dette er grunnmuren i kunnskapssamfunnet. Det må vere god samanheng mellom dei ulike ledda i Kunnskapskjeda.
Ein god barnehage er til dømes avhengig av ei solid førskulelærar-utdanning, som igjen byggjer på kunnskap frå forsking og frå praksisfeltet, utvikla og/eller formidla av fagpersonell ved høgskular og universitet. Eit kunnskapssamfunn er dessutan avhengig av at den kunnskapen og kompetansen som Kunnskapskjeda representerer blir tydeleg verdsett.
Forskingsbasert kunnskap. Eit kunnskapssamfunn blir kjenneteikna mellom anna av at næringsutviklinga, velferda, forvaltinga av naturressursar og kulturutviklinga byggjer på forskingsbasert kunnskap. Eit kunnskapssamfunn blir skapt i samspelet mellom forpliktande politisk satsing og høgkompetente fagmiljø som skaper og formidlar ny innsikt og viten.
I kunnskapssamfunnet får den enkeltes kunnskap større verdi i arbeidslivet, rett og slett fordi kompetanse er ein stadig viktigare produksjonsfaktor. Enkeltmennesket er i større grad avhengig av å ha utdanning for å lukkast i arbeids- og samfunnslivet. Kvaliteten på det formelle utdanningssystemet spelar difor ei avgjerande rolle, både for enkeltmennesket og for samfunnet.
Tar våre politiske styresmakter med skiftande regjeringar dei nødvendige konsekvensane av ei slik utvikling? Dessverre har verken den økonomiske eller strategiske innsatsen vore tilstrekkeleg. Andelen til utdanning av dei samla offentlege utgiftene har gått ned med sju prosent i løpet av dei fire siste åra, ifølgje tal frå SSB.
Det har blitt fleire elevar pr lærar, trass i klare lovnader om det motsette. Fråfallet i vidaregåande opplæring er urovekkjande høgt. Stortingsperioden har vore prega av manglande vilje til å satse tungt på høgre utdanning og forsking. Også i høgre utdanning er fråfallet stort, og heiltidsstudentane er få og har dårlege levekår.
Regjeringa har i praksis gitt opp målet om at forskingsinnsatsen skal vere tre prosent av BNP. I staden for forpliktande handling frå regjeringa har vi opplevd at viktig utvalsarbeid og varsla stortingsmeldingar enten har blitt parkert, skrinlagt eller lagt fram utan forpliktande forslag.
I botnsjiktet. Noreg var tidlegare rangert i toppen når det gjeld utdanningsnivået blant folk. Tal frå på OECD viser at fleire land, også nordiske, no ligg betre an når det gjeld utdanningsnivå. Innslaget av tilsette med høgre utdanning i norske verksemder ligg framleis på eit relativt lågt nivå. Dette kan berre i nokon grad kompenserast gjennom den læringa som skjer i bedriftene. Tal frå Europabarometeret viser dessutan at Noreg er i botnsjiktet når det gjeld vaksnes deltaking i organisert utdanning og opplæring.
Norsk næringsliv har lågare forskingsinnsats enn næringslivet i grannelanda våre. Dessutan viser fleire undersøkingar at ressursmangel fører til at dei tilsette i universitets- og høgskulesektoren ikkje får tid nok til forskings- og utviklingsarbeid. Lærarar, helsepersonell, politifolk og andre profesjonsgrupper i offentleg sektor blir oftare omtalte som utgiftspostar enn som viktige aktørar i norsk verdiskaping. Stadig høyrer vi frå politisk hald at det er ein konkurransefordel for Noreg at akademikarar i det offentlege er låglønte.
Denne tilstanden er ikkje skapt i denne stortingsperioden åleine. Mangel på dristig satsing har prega også tidlegare regjeringar. Likevel har den sitjande regjeringa eit ekstra ansvar både i lys av faktiske behov og ut frå forventningar som er skapte, men også fordi det er ei fleirtalsregjering.
Difor må vi spørje korleis det er politisk mogeleg med eit slikt sprik mellom den gjengse politiske semja om at Noreg må vere ein kunnskapsnasjon, og den faktiske prioriteringa og verdsettinga av utdanning og forsking? Mykje av forklaringa, trur vi, ligg i mangelen på ein velutvikla kunnskapskultur her til lands. Kultur i denne samanheng handlar om haldningar og verdiar som pregar samfunn og politikk over tid, og som slår inn når viktige prioriteringar skal gjerast og vedtak fattast.
Urovekkjande. Fråveret av ein kunnskapskultur gir seg såleis utslag i manglande forståing for, og prioriteringa av den verdien kunnskapskjeda representerer. Dette er særleg urovekkjande fordi mykje av grunnlaget for kreativitet og nyskaping, som vil vere sentrale drivarar i norsk økonomi og samfunnsutvikling, ligg i solid kunnskap. Utdanning, livslang læring og kunnskapsutvikling vil difor vere viktigare enn før. Eit krafttak for kunnskap vil kome heile samfunnet til gode.
Eit krafttak for kunnskap vil mellom anna handle om å sjå heile Kunnskapskjeda under eitt.
Lønns- og arbeidsvilkår, tid til forsking og fagleg utviklingsarbeid og systematiske tilbod om kompetanseheving, i kombinasjon med oppdatert utstyr og bygg vil gi Kunnskapskjeda eit kvalitetsløft. Samstundes vil dette motivere barn, elevar, studentar og tilsette ved å vise at det dei dagleg driv med, er både verdfullt og verdsett. Livslang læring må fyllast med reelt innhald, og vi må styrke og systematisere læringa i arbeidslivet.
Ein vond sirkel. Vi er inne i ein vond sirkel der mangelen på ein kunnskapskultur fører til mangelfull satsing på Kunnskapskjeda. Den regjeringa som evnar å bryte denne sirkelen, og utviklar og forankrar ein heilskapleg og offensiv kunnskapspolitikk, vil sette historiske spor.
Vi utfordrar dei politiske partia til å strekkje seg lenger enn til eigne programformuleringar, til å vere modige, ta ansvar og gjennom politisk prioritering og praksis leggje grunnlaget for kunnskapssamfunnet.
Eit betre mål å gå til val på finst vel knapt?