I DAG STÅR Bryggebodene i Bergen og kosar seg i solskinet. I 300 år har dei stått her og hatt det ganske stabilt. Men no er det fare på ferde. Fundamentet forsvinn under føtene på bergensarane.
– Bryggen søkk med 0,8 mm i året, og det er svært mykje. Vi har heile tida trudd at grunnvassnivået var høgt her på Bryggen. Men det viser seg at grunnvasstanden har minka med nesten 3 meter sidan 1980. Då vi begynte å gjere målingar i 2000, fann vi ut at setningsskadane på bygningane var nedslåande store, seier Ann Christensson, som er rådgjevar hjå Riksantikvaren og har jobba mange år her på Bryggen.
Kva er det som har skjedd? Det viser seg at bygningane begynte å sige i 1979, etter ein begynte med gravearbeid og bygging av Radisson SAS Royal Hotell. No er vasslekkasjen under SAS-hotellet og delar av Bryggen så stor at noko må gjerast.
– Vi må prøve å gjere noko med dreneringssystemet, så grunnvatnet kan bli stabilt igjen, forklarer Christensson.
VI SIT PÅ KAFEEN på Bryggen museum og kikkar ned på dei rekonstruerte funna av stolpehus frå mellomalderbyen Bergen. På 1000-talet gjekk sjøen heilt inn hit og nesten opp til Mariakyrkja ved sidan av SAS-hotellet.
– Under oss ligg 10-12 meter kulturlag frå mellomalderen. Gjennom historia er stadig større område blitt fylt opp med jord, kvistar og tømmerkonstruksjonar. Slik kunne folk skaffe seg meir land, og kome nærare Vågen der dei store skipa kunne legge til. Dei underjordiske bygningskonstruksjonane har stått under vatn, seier Christensson.
Og no kjem ho til det som er den verkelege katastrofen: Når grunnvassnivået vert lågare, og jordmassane under Bryggen blir trykt saman, forsvinn også alt forskingsmateriale frå mellomalderen.
– Heile mellomalderbyen er bygd opp av organisk materiale, som tre, jord, blader, pollen, bein og horn. Eg har sjølv grave fram eit blad frå mellomalderen som var svært godt bevart. Bergen har hatt dei beste bevaringsforholda i Europa på grunn av den høge vasstanden ved Bryggen. Men føresetnadene for bevaringa er at jordmassane under vatn får ligge i ro. Det organiske materialet toler ikkje å bli liggande under forhold der det er oksygen. Surstoff bryt med organisk materiale over tid. Men når ein har høgt grunnvatn, som ein har hatt på Bryggen, kjem ikkje oksygenet til.
– Men kan ein få gjort noko med det?
– Det som er tapt, får ein ikkje tilbake. Vi har alt mista to-tre meter med grunnvatn, og med det organisk materiale. Så dette er ein stor katastrofe! Om dei verste prognosane slår til, kan vi miste to av tre meter kulturlag. Difor må vi prøve å stoppe vasslekkasjen i grunnen.
BERGEN HAR VORE ein av dei viktigaste hamnebyane i Europa, og tyskarane dominerte på Bryggen i 400 år. Etter brannen i 1702 vart bygningane oppførde som tømra loft i lange rekker, og utgravingane viste at byggeskikken i tidleg mellomalder følgde same mønsteret.
Tidleg på 1960-talet var store delar av Bryggen nærmast ein slum, og bergensarane heldt folkemøte mot bevaring av Bryggen. Folk ville rive heile ”skiten”, men arkeolog Asbjørn Herteig greidde å få bergensarane på betre tankar.
– Det er sjeldan ein kan seie at éin mann har stått bak, men det var Asbjørn Herteig som redda Bryggen. Den såkalla ”tyskerbryggen” frå Hansatida hadde dårleg renommé, men Herteig greidde å snu haldninga, særleg blant politikarar og næringslivsfolk. Han starta den store utgravinga under Bryggen i 1955 og avslutta arbeidet i 1979. Same året kom Bryggen på UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarv, seier Christensson.
MANGE AV DEI urestaurerte bygningane på Bryggen er i svært dårleg stand, og dette skal ”Prosjekt Bryggen” gjere noko med. Staten har hovudansvaret for prosjektet.
– Riksantikvaren samarbeider tett med Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune ved Byantikvaren og eigarane på Bryggen, seier Sjur Helseth, som har hovudansvar for ”Prosjekt Bryggen” hjå Riksantikvaren.
Han fortel at heile prosjektet er kalkulert til 280 millionar kroner, og kvart år skal det brukast om lag 10 millionar kroner til restaurerings- og forskingsarbeid på Bryggen.
– Det tverrfaglege samarbeidet mellom tømrarar og annan ekspertise er svært viktig i prosjektet. Bryggen er som ein levande organisme, der kulturlaga heng saman med fundamentet. Har ein ikkje gode grunnforhold, får ein heller ikkje fundamenta under bygningane til å vare, seier han.
Difor står forskings- og utvikingsarbeid (FOU) sentralt, og der er både ingeniørar, arkeologar, arkitektar og tømrarar involverte. Prosjektet har knytt til seg ekspertise frå Nasjonalmuseet i København, Norsk Institutt for kulturminneforskning (NIKU), Norges geologiske undersøkelse (NGU), Norsk institutt for skogsforsking (NISK) og Mycoteam.
Også Christensson framhever det tette samarbeidet mellom forsking og praktisk istandsetting av bygningane.
– Alle hus skal restaurerast etter same prinsipp som for 300 år sidan. Heilt frå 1000-talet og fram til 1800-talet har ein brukt dei same metodane, men så gløymde ein korleis ein skulle halde bygningane ved like, fortel ho.
Mykje av forskingsarbeidet på Bryggen handlar om å bevaring av tremateriale. Undersøkingar har vist at det tømmeret som har halde seg best, har svært høg konsentrasjon av salt.
– Nokre tømmerstokkar inneheld så mykje som 14 prosent salt, og difor har det ikkje rotna. Det finst ulike teoriar om grunnen til det store saltinnhaldet. Det vi veit, er at salt sild på 1700-talet var ei viktig handelsvare, og store mengder salt vart oppbevart i bodene på Bryggen.
Christensson har ansvar for overvakingsprosjektet, som driv overvaking av grunnvatn og bevaringsforhold under Bryggen. No har ho også fått med seg ein ekspert i hydrologi, som skal utarbeide ein modell for å redde grunnvatnet.
– Innan 2007 må vi ha planen klar for kva vi skal gjere. Dette er også eit spørsmål om kostnader, for det vil koste mange titals millionar kroner å få orden på grunnvatnet under Bryggen.
I JACOBSFJORDEN, LITT lenger bort på Bryggen, sit Lasse Bjørkhaug, direktør for ”Stiftelsen Bryggen”.
– Stiftelsen Bryggen er forankra i folkeaksjonen ”Bryggens venner” som starta på 1960-talet. Målet var å bevare bygningane på Bryggen for ettertida. I dag eig Stiftelsen halvparten av dei 61 freda bygningane som går inn i verdskulturminnet, fortel Bjørkhaug.
– Stiftelsen er ei bedrift med 15 tilsette. Bevaring er det viktigaste målet, sjølv om det også er eit mål å skaffe brukarar til bygningane. Det kommersielle kjem likevel i andre rekkje.
– Kvar får bedrifta pengane frå?
– Vi leiger ut så mange bygningar vi kan, og elles får vi offentlege tilskott, særleg frå Bergen kommune. Då Stiftelsen starta, meinte vi det var 38 bygningar som trong restaurering, men fram til no er berre eitt hus heilt ferdig. I dag har vi arbeid på gang i seks bygningar, men dette er nok eit tjueårsprosjekt.
Også Stiftelsen Bryggen får midlar frå Riksantikaren til restaurerings- og FoU-arbeid.
– Det er ein kontinuerleg prosess å bygge opp ekspertise. Vi har både arkitekt og handverkarar med stor antikvarisk kompetanse, og eit nært samarbeid med Riksantikvaren om bevaring. Det er temmeleg kompliserte grunnforhold her på Bryggen, med svake og sårbare fundament under bygningane. Dette gjev oss store utfordringar, og restaureringa må kunne tole tidas tann, seier Bjørkhaug.
Utanfor ein av gardane held handverkarane på med utskifting av tømmer. Nokre stader må heile bakveggen skiftast ut på grunn av rote. Ein av tømrarane held på med å skante ein tømmerstokk. Øksa han bruker er ein kopi av ei gamal bile. Her skal alt gjerast på tradisjonelt vis.
MEN DET ER OGSÅ åtte andre gardeigarar på Bryggen, og ein av dei er Olav Thon. Han eig Svendsgården, ein dobbel bygard med ein smal midtgang imellom husa. Utanfor inngangspartiet står eigedomsforvaltar Kjetil Hauge og ventar. Han er leiar i ”Bryggen private gårdeierforening”.
– Dette er det første store restaureringsprosjektet på Bryggen i privat regi. Svendsgården treng svært mykje restaurering, fortel Hauge. Han viser meg rundt i første etasjen, der ein kan sjå ned på bolverket under golvet. Delar av tømmerfundamentet har rotna bort.
– ”Prosjekt Bryggen” er spesielt, for vi er avhengig av ekspertise for å vite kva som bør og kan gjerast. Det er mykje å tenkje på når vi skal lage nytt fundament. Enno er vi i ein kartleggingsfase, der vi også tek prøver av treverk og målinglag, seier han.
Som dei andre trebygningane på Bryggen, var også Svendsgården knytt til fiske og mellomlagring av tørrfisk. Bakover i romma openberrar det seg eldgamle, delvis rotne golv og solide tømmerveggar. Det er liten tvil om at Olav Thon skal få bruk for pengane sine når Svendsgården skal setjast i stand.
Bakre delen av huset har fått stå ganske urørt, og på loftet står ein heisanretning som vart brukt til å fire sildetønner ned i ei sjakt gjennom fleire etasjar. Her ligg historia i tjukke lag.
Hauge veit ikkje heilt kva huset kjem til å innehalde etter restaureringa.
– Men dette huset skal ikkje berre utnyttast kommersielt, det skal også være ein stad der folk kan kome inn for å oppleve historia. Dette skal bli eit levande museum, avsluttar han.
Av Johanne Landsverk (tekst og foto)

Tømraren Jacob Schroll viser skanting av tømmer som skal erstatte rotne stokkar. Reiskapen han bruker er kopi av gamal bile. (Foto: Johanne Landsverk)