- Lappen rundt tåa kan seiast å tingleggjere dei døde. Merket rundt handleddet er festa same stad som dei levande pasientane har identifikasjonen sin. Pleiarane snakkar om den døde som ein person eller ein kropp, men ikkje som eit lik, seier Hadders, doktorgradsstudent i sosialantropologi ved NTNU. Han studerer ritual og rutinar kring dødsfall på Intensivavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim.
DET ER EI GJENGS oppfatning at døden i stor grad vert skubba vekk i dag. Eg har sjølv sett fotografi av døde, pynta barn i gamle familiealbum. Men slik er det vel ikkje lenger?
- I byrjinga av 1900-talet var det vanleg å fotografere dei døde, men dette forsvann. I staden kom medikalisering, institusjonalisering og løyning av døden, seier Hadders som meiner døden er på veg inn i albuma att.
- I dag hender det at folk tek videoopptak i gravferder, seier han.
- Er det ei vinning?
- Mandatet mitt er å observere og fortolke desse fenomena, ikkje å vere normativ.
Den britiske sosiologen Tony Walter har kalla tendensen ”The Revival of Death” i ein boktittel. Internasjonalt har døden vorte eit stort fagfelt med mange innfallsvinklar. I fjor haust var Hadders på ein konferanse om døden i Bath i England: The Social Context of Death, Dying and Disposal. Utanom antropologien er dette eit felt for arkeologar, kunsthistorikarar, historikarar, litteraturvitarar, medisinarar, filosofar, psykologar, religionsvitarar, sosiologar, og endå mange fleire.
HADDERS HADDE GOD kjennskap til sjukehus og død før han byrja på doktorgradsprosjektet. Han er utdanna sjukepleiar og har arbeidd ved Seksjon lindrende behandling (SLB) ved Kreftavdelinga på St. Olavs Hospital, ei avdeling med om lag hundre dødsfall i året. Prosjektet han arbeider med no kan iallfall førast tilbake til 2000. Då fekk han pengar frå Kreftforeningen til eit studium om handtering av dødsfall ved SLB. Arbeidet munna ut i rapporten ”Rutin eller ritual? Praxis och hållningar i rummet mellan levande och döda.” Eit par sitat frå intervju med sjukepleiarar den gongen gjev hint om kva tematikk Hadders framleis arbeider med:
”For ti år siden, hvis noen hadde sagt at barnebarna var med og kledde bestefar (som avdød, red.merk.); ’nei, det går ikke an!’”
”Jeg syns det er ganske viktig å ta med dem (pårørande, red.merk.) i det arbeidet som blir gjort etter at vedkommende er død, hvis det er naturlig for dem. (…) Det er kanskje en hjelp for dem”.
HADDERS TEK FØRE seg 17 dødsfall ved Intensivavdelinga i det nye prosjektet. Metoden er kvalitativ og basert på intervju med pårørande og sjukepleiarar. I kortversjonen av prosjektpresentasjonen, som sjukepleiarane har fått lese, formulerer han problemstillingane slik:
”Vad innebär det att behandla den döda patienten med värdighet? Vilken ”værensstatus” har den döda patienten för sjukvårdspersonalen och anhöriga? När upplevs/omtalas den döda patienten som en person, en död person eller ett lik? Hur upplever pårørende det tilbud de får när ett dödsfall äger rum på sjukhuset?”
Hadders meiner at både starten og slutten av livet ikkje har så vasstette skott rundt seg som før. Far er med i fødestoga, og pårørande kan vere til stades når døden inntreffer på sjukehuset.
- Før trudde dei pårørande at dei ikkje kunne delta i avslutninga av livet og stellet etterpå. Dei fekk eigendelane til den avdøde i ein plastkasse. No startar informasjonen mykje tidlegare. Dei pårørande får beskjed i god tid om at døden kan nærme seg, slik at dei kan velje å vere med, seier Hadders. Han fortel korleis sjukehuset planlegg korleis ein skal trappe ned for dei som ligg i respirator. Det kan vere mykje apparatur rundt den døyande. Kan hende ein dekkjer til dette etter dødsaugneblinken, legg kvite dukar over, tenner stearinljos.
HADDERS BRUKER ÒG diskursanalyse som metode. Han har blant anna studert korleis prosedyrane til helsepersonellet er utforma.
- Vil det seie at ein òg kan sjå praksisane frå eit maktperspektiv? Kven har høve til å fastsetje rutinane, og kven har ideologisk hegemoni på området?
- Handsaminga av den døde kroppen vart i kjølvatnet av medikaliseringa av døden ei medisinsk-juridisk sak. Dette området er framleis styrt og kvalitetssikra av avdeling for patologi og av medisinarar. I sjukehusets prosedyre er desse diktata obligatoriske. Når det gjeld sosio-kulturelle aspekt rundt dødsfallet, samt visning, finst det meir fleksible retningsliner. Dette er til dømes tema som må avklårast i dialog med pårørande, eventuelt er diktert av den som skal døy. Retningslinene har vorte til via tverrfagleg samarbeid over tid i ”Rådgivningsgruppen for alvorlig syke og døende” ved St. Olavs Hospital. Der sit blant andre sjukepleiarar, sosionomar, lækjarar, prest og preparant. Denne gruppa vart etablert i 1981.
HADDERS LEGG VEKT PÅ at det finst ulike rasjonale for ulike kliniske praksisar. Ei mogeleg innstilling er at ein skal redde liv for ein kvar pris ved hjelp av høgteknologi. Ei anna innstilling kan gå ut på å inkludere menneskeleg omsorg på andre måtar. Rasjonala kan kome i konflikt, meiner Hadders, som fortel om eit tilfelle der pårørande klaga etter eit dødsfall ved St. Olavs Hospital. Grunnen var at ein nær pårørande ikkje fikk høve til å vere til stades ved eit forsøk på hjarte-lunge-redning der pasienten døydde.
- Dette førte til ein intern diskusjon om retten pårørande har til å vere til stades under aktiv behandling, seier Hadders. Han nemner eit studium frå 80-talet i USA som viste at ein har utført hjarte-lunge-redning, sjølv om ein visste at livet ikkje kunne bergast. Dette skuldast frykt for saksøking.
MEDAN VI ER I USA, kan eg nemne den amerikanske tv-serien Six Feet Under, som handlar om eit gravferdsbyrå. Dei døde vert sminka slik at dei ser ut som om dei er i live. Kanskje dei berre søv? Ein slik praksis er framand i Noreg. Hadders fokuserer på balansen mellom distanse og nærleik under ”visningar” - når dei pårørande ser den avdøde.
- Det kan verte rart med altfor flotte kvite klede på den døde, seier Hadders og refererer til ein kommentar frå ein pårørande: ”Det er ikkje han. Han var ingen pyntemann.”
- Ein kan late den sosiale identiteten til avdøde vere til stades, til dømes ved å bruke vedkommande sine eigne klede.
Dei pårørande ved intensivavdelinga kan i dag vere med på stell av døde. Hadders understrekar at ein må spørje seg om dei pårørande sjølve legg opp til å delta.
- Gjer dei det berre fordi at sjukehuset vil? Ein gong fekk ei kvinne som hadde mista mannen sin laga ei dødsmaske av han. Det var heilt klart gjort på hennar initiativ.
- Kan forpliktinga om å skulle delta rundt eit dødsfall gå for langt? Kva problem kan det i så fall medføre for pårørande - og tilsette - ved sjukehuset?
- Ja, pendelen kan kanskje svinge for langt motsatt veg i høve til tidlegare. Det er viktig å vere klar over kva som er mandatet til helsevesenet, og kva som høyrer under til dømes gravferdsbyrået eller pårørande. Kan hende kan studia mine om sjukehusdøden føre til ein diskusjon om dette emnet.
- Grip sjukepleiarane inn på området som tradisjonelt har vore ansvaret til sjukehuspresten? Har dei i så fall noko mot dette?
- Nei, det trur eg ikkje. Samarbeidet med sjukehusprestane har vorte viktigare i denne delen av klinikken. Sjukepleiarane ser på prestane, som i liten grad flaggar med sin kristendom, som ein god ressurs i ein ofte travel klinikk, seier Hadders.
STEARINLJOS OG DUKAR. Stemningsfulle stellerom. Er det noko religiøst over rituala? For å ta ein parallell: Anonyme Alkoholikere har reinsa alle kristne formuleringar ut frå vedtektene sine, men vert lett oppfatta som kristne likevel.
- Kor mykje slår statsreligionen gjennom i rituala ved sjukehuset?
- Det er viktig å ikkje leggje opp til oversakralisering, seier Hadders.
Det fleirkulturelle Noreg stiller òg nye krav til sjukehusa. Han fortel at ein del nye sjukehus har eigne rom for stell der ein kan utføre ritual frå andre religionar.
- Når ein legg vekt på at dei pårørande kan sjå den døde og vere med på stellet: Kan ein reagere på dette ut frå til dømes ein luthersk synsvinkel - at ein gjer kroppen viktigare enn sjela?
- Å sjå den døde kroppen er begrunna med ei vestleg, psykologisk forståing av at pårørande treng å sjå den døde kroppen for å stadfeste dødsfallet.
- Kan behovet dei pårørande har for bearbeiding kome i konflikt med den dødes verdigheit?
- Ja, til dømes ved at familiar som er prega av konfliktar vert inviterte til dødsleiet. Kanskje har dei pårørande hatt lite kontakt. Som pleiar har eg sjølv opplevd pårørande som ville frelse faren sin på dødsleiet.
- Korleis takla sjukehuset det?
- Vi verna om den døyandes rett til fred. Han slapp av eigen vilje å verte utsett for noko han ikkje ville.
- Gjeld ein slik mogeleg konflikt etter dødsfallet òg? Kan det verte meir visning og stell enn den døde ville ha sett pris på?
- Sjølvsagt. Derfor er det så viktig å informere pårørande og gje dei høve til å delta, eller ikkje delta i det heile - på pasientens premissar, avsluttar Hans Hadders.
Av Kjetil A. Brottveit (tekst og foto)